Medlemsbiler: | <- 1962 | A-Body | B-Body | C/D-Body | E-Body | F/J/M/R- Body | Øvrige biler |
























Choose language

Månedens utvalgte bil juli 2014

1929 Chrysler Serie 65 Roadster

Bakgrunn
Spolar vi langt tilbake fekk eg min fyrste Chrysler donert av bestefaren min rundt 1974, ein 1929 modell Serie 65 som eg restaurerer på enno, 40 år seinare. Då bestefarsbilen var ombygd frå Roadster til Delivery på 50-talet og i tillegg var veldig ukomplett (eit håplaust vrak er vel ganske dekkande uttrykk), har eg heile tida sidan vore på utkikk etter delebilar og anna frå 1929. Norske 1929-modellar med andre karosseri blei kjøpt inn i 1979 og 1993 utan at det hjalp så mykje på den store problemstillinga at eg ikkje visste korleis bilen skulle sjå ut i detalj. Etter å ha arva ei snill tante, begynte eg i 1999 å avertere etter ein Roadster gjennom WPC-klubben i USA, og fekk etterkvart napp i Pennsylvania på eit avsovna objekt som skulle vere komplett med mykje bra arbeid gjort. Dèt seier dei sjølvsagt alltid, men det endte no med at eg kjøpte bilen basert på bilete og fekk den sendt til Bergen hausten 2000, med gode tankar om å bruke han som delebil. Vel heime fekk eg bilen til å både starte og stoppe, etter å ha oppdaga at førre eigar hadde kopla minus til jord, og dermed hadde greidd å reversere polariteten på batteriet! På dette tidspunktet hadde eg og bestemt meg for at bilen var for god til å hogge, og at eg skulle difor berre kopiere karosseriet på denne når eg restaurerte bilen etter bestefar. Neste steg i feil retning var at eg kjøpte argument om at det ville vere enklare å restaurere begge to, då kunne eg drive serieproduksjon og denne frå Pennsylvania ville vere mykje enklare å selje i god stand - enn som eit prosjekt. Det endte altså med restaurering av delebilen. Eit økonomisk tvilsamt val, for her var sjølvsagt både rote treverk, glasfiberstrie og tjukk stålplast over rust som trong fokus, i tillegg til manko på mange unike smådelar. Det har blitt mange delekjøp opp gjennom åra av brukte ting og A-Ford delar i håp om at dei kan tilpassast. I tillegg har eg etter kvart blitt ganske god på å fabrikere mine eigne reproduksjonar i aluminium og bronse. Per 2014 har eg gjennomgått heile bilen, unnateke motor og gir, til ein kostnad som nok veldig langt overstig salspotensialet for bilen. Moralen er difor å hogge det du må, og orkar du ikkje hogge, kan du likegodt gje bilen bort for det sparar du pengar på. Den største bonusen med arbeidet er at eg har gjort ting på denne bilen som nok blir betre på neste forsøk med den andre bilen.

Kva bil er det?
Etter å ha brukt åra 1925 til 1928 til å vekse seg store på den amerikanske marknaden, var 1929 nok eit godt år for Chryslerkonsernet. Dei tente gode pengar som Walter Percy nytta til aggressiv ekspansjon (merka DeSoto og Plymouth) og oppkjøp av Dodge på denne tida. Sjølv om den 4-sylindra Chrysleren no var blitt til ein Plymouth og børskrakket etterkvart gjorde sitt inntog med nesten full stopp i bilsalet, selde Chrysler fullt akseptable 92.000 bilar i 1929 derav 5.000 Serie 65 Roadsterar. Hos WPC Club USA er det ca. 20-30 Roadsterar i listene, som gjer denne til den nest mest vanlege 1929 Chrysleren per i dag, etter storebror Serie 75 Roadster (som alltid er det flest av dei spennande karosseria som overlever). Chrysler garanterte i 1929 for at dei lettaste karosseria (som ein Roadster) skulle kunne nå og halde farten i miles tilsvarande sitt serienummer. Altså i dette tilfellet 65 mph (105 km/t) som var respektabelt i 1929 for ein bil i lågare middelklasse (ca $1.000, tilsvara omtrent to A-Fordar), og representerte sikkert meir enn nok fartsressursar på den tidas amerikanske vegar. Mykje tyder òg på at Chrysler i denne tida var ganske populær i Europa. Dei hadde eigen montasjefabrikk i Nederland og europeiske salsbrosjyrer for bilane på engelsk og tysk iallefall. Her i landet har det og vore ein del Serie 65, ikkje minst opne 4-dørs, der WPC-medlem Paulus Giørtz har ein av dei 71 stykk Serie 65 Touring som blei produsert. I tillegg til denne bilen har det vore minst to til av dei 71 her i landet. Ein Serie 65 Roadster sette ein ny uthaldenheits-rekord i 1929 med 86 000 km utan stans på Avus-bana ved Berlin. Chrysler oppnådde også 5. og 6. plass under Le Mans i 1929 (to stykk Serie 75 Roadster bak fire Bentley, det året då alle Stutzane rauk ut. Hadde det ikkje vore for lekke bensintankar ville Chrysler-bilane truleg splitta Bentleyane og greidd 3 og 4. plass). Chrysler var vidare kjent for eit veldig godt balansert chassis for si tid; 1929 var fyrste året med innvendige 14" tromlar på dei hydrauliske bremsene (med totalvekt på kun 1200 kg er bremsene fullt på høgde med ein 50-tals bil), gummiopphengde fjører, pluss presis og ikkje minst lett styring og usedvanleg trekkvillig motor med full trykksmøring i ei tid når plaskesmøring enno var vel akseptert. Chrysler var også pionerar på oljefilter for auka livslengd, og hadde her ein av dei billegaste bilane på marknaden med sju-lagra veiv og sideventiltopp etter Ricardos patent (sjølv om dei ikkje betalte royalty før etter rettsak frå Ricardo). I tillegg til dette hadde Chrysler no etter fem års drift som eige firma endeleg eit design verdt å snakke om. Kanskje ikkje så mykje ein bit seg merke av i våre dagar, men 1929 modell Chrysler 65 og 75 introduserte "Air Wing Fenders", framskjermar i bølgjeform (sinus) i høve til tidlegare års sirkulære profil - slik LaSalle var først ute med i 1928 og Ford fekk i 1930. I tillegg har 1929 og 1930 Chrysler ei kun tre cm lang radiatorkappe, som gjev eit lengre og slankare design enn akselavstanden skulle tilseie. Dette utgjorde dei første åra med design verdt å nemne på ei Chrysler modellrekke.

Denne bilen
I motsetning til mange andre har eg ikkje så lett for å konsentrere meg om èin bil om gongen for å bli fort ferdig. Restaureringa av denne "delebilen" tok grovt sett 12 år frå 2000 til 2012. Deretter var det berre å hente ut skilta, tenkte eg. Sjølvsagt hadde eg ikkje tatt kontakt med Biltilsynet før bilen var ferdig, og møtet med etaten blei eit kapittel for seg sjølv. Ved kjøpet hadde eg fått vite at bilen var utrusta med eit nytt chassinummer tildelt av DMV (trafikkstasjonen) i Pennsylvania. Sidan det fylgde ein flott title med bilen som viste dette, trudde ikkje eg at det ville vera noko problem, og sannsynlegvis hadde det heller ikkje vore eit problem ved importen i år 2000. Til år 2012 hadde derimot tilsynet skjerpa inn krava etter mange rundar med å bli lurt stadig vekk på plastikk AC Cobra på 1965 papir og motorsyklar med ny ramme og deretter ny motor, framleis på gamle papir. No var det heilt uaktuelt å godkjenne mine papir med re-issued VIN-nummer, særleg då 2012 referansepublikasjonane tilsa at nye innprega VIN-numre skulle vere på 16 sifre. Det blei deretter forlanga tilleggsdokumentasjon frå USA som var etatens heilt naturlege standpunkt at eg skaffa. Ikkje minst fekk eg bevisbyrde for at bilen var original og ikkje ein replika eller eit hotrod byggesett. Den norske Trafikkstasjonen er visstnok likevel ganske ubyråkratisk til samanlikning med DMV, som vanlegvis ikkje responderer på noko som helst frå utlandet. Dei har enno ikkje svart på mine brev seinast av august 2013. Eg fekk likevel via den alltid hjelpsame, Marty Lum, kjennskap til at bilen truleg hadde vore ei eksportutgave som ny (til Sør-Amerika?). Seinere var den teken inn igjen til USA på 80-talet og den gong gjeve nytt åttesifra VIN-nummer då dei ikkje forstod noko av den utydelege FEDCO-plata på dashbordet. Originalt chassisnummer på slike bilar er nemleg ført opp på ei kode-brikke på dashbordet og eg greier å tyde berre fire av seks sifre. Det er diverre ikkje nok til å identifisere bilen sjølv med godvilje frå Chrysler Historical og deira teneste med å skaffe build cards. Det løyste seg til slutt hausten 2013 etter 14 månaders stillstand. Då stilte eg med god hjelp opp på Trafikkstasjonen i Skien med to 1929 Chrysler på kvar sin hengar og kunne med stor tyngde vise til at den oransje bilen var identisk til ein gammal norsk bil og på ingen måte noko hop-plukk frå 90-talet med nytt chassisnummer slengt etter seg av DMV Pennsylvania. Deretter var det berre å vente i fire nye månader for sentral behandling og vips var bilen godkjent etter berre 18 månaders venting.

I dag køyrer eg då rundt med min tidlegare "delebil" medan eg enno ventar på at den opprinnelege skal bli ferdig. Eg har ikkje turt å køyre i 105 km/t enno, men 85 går ganske bra. I motsetning til mange andre gamle bilar er det dessutan moro å køyre i rundkøyringar med denne. Sannsynlegvis var bilen grøn og svart som ny, men sidan eg uansett kjem til å tape pengar på denne, bestemte eg meg for ein meir iaugnefallande fargekombinasjon når eg lakka. Ting tyder på at oransje/svart kombinasjonen òg var ganske utbreidd på slutten av 20-talet, men i oktober 1929 forsvann dei brått saman med andre skire og optimistiske fargar.

Etterspel
Dersom det er andre WPC-medlemer som er interessert i bilar frå ein periode når Chrysler var nyskapande og absolutt i front, er det berre å ta kontakt ( flathead323@gmail.com ). Eg trur nok at eg etter 40 år er av dei fem som veit mest om 1929-utgåvene, og elles har brukbar greie på det meste av Chrysler mellom 1925 og 1933.

Tekst og foto: Narve Nordanger.

[Tilbake]


Tidligere Månedens bil

År 2016ModellBil
Mars1977Plymouth Volare Road Runner
Januar1970Plymouth 'Cuda
År 2015ModellBil
Desember1969Dodge Dart Swinger
September1973Dodge Polara Custom
Juni1967Chrysler 300
April1971Plymouth 'Cuda convertible
Mars1965Dodge Dart GT
Februar1977Chrysler Cordoba
Januar1957Imperial Crown
År 2014ModellBil
Desember1970Dodge Coronet 440
November1933Plymouth Two Door Sedan
August1969Plymouth Road Runner
Juli1929Chrysler Serie 65 Roadster
Juni1959Chrysler 300 E
Mai1977Chrysler New Yorker Town & Country
April1961Chrysler 300 G
Mars1968Dodge Charger
Februar1970Plymouth 'Cuda
Januar1972Plymouth Duster
År 2013ModellBil
Desember1968Dodge Dart convertible
November1964Imperial Crown convertible
Oktober1971Plymouth Road Runner
September1971Plymouth 'Cuda
August1957Dodge Custom Royal Lancer
April1960Valiant V200
Mars1968Chrysler 300
Februar1970Dodge Challenger
Januar1965Imperial Crown
År 2012ModellBil
Desember1970Plymouth 'Cuda
November1971Plymouth Road Runner
Oktober1976Chrysler New Yorker Brougham
September1969Dodge Coronet Super Bee
August1975Imperial LeBaron
Juli1999Plymouth Prowler
Juni1969Plymouth Sport Fury convertible
Mai1960Chrysler 300F
April1966Dodge W300
Mars1971Plymouth 'Cuda
Februar1968Dodge Dart GTS convertible
Januar1970Imperial LeBaron
År 2011ModellBil
Desember1967Dodge Coronet 500
November1960Dodge Polara
Oktober1984Dodge Ramcharger
September1967Imperial LeBaron
August1967Plymouth Barracuda convertible
Juli1973Plymouth Road Runner
Juni1970Dodge Charger 500
Mai1970Plymouth 'Cuda
April1990Dodge Ram B250
Mars1969Chrysler 300
Februar1958Dodge Coronet
Januar1961Chrysler New Yorker
År 2010ModellBil
Desember1978Dodge Aspen SE
November1970Dodge Coronet 440
Oktober1990JEEP Grand Wagoneer
September1987Chrysler Fifth Avenue
August1970Dodge Challenger R/T convertible
Juli1971Dodge Charger R/T
Juni1966Chrysler 300
Mai1967Plymouth Belvedere GTX
April1940DeSoto Business Coupe
Mars1971Dodge Dart
Februar1979Chrysler New Yorker Fifth Avenue Edition
Januar1966Dodge Dart GT
År 2009ModellBil
Desember1960Plymouth Fury
November1981Dodge Ram 150
Oktober1972Dodge Charger
September1986Dodge Diplomat SE
August1971Plymouth Duster
Juli1965Chrysler Newport Town Sedan
Juni1978Plymouth Volarè Super Coupe
Mai1971Dodge Challenger convertible
April1972Plymouth 'Cuda
Mars1936Chrysler Airflow C9
Februar1970Chrysler 300 Hurst
Januar1972Plymouth Scamp
År 2008ModellBil
Desember1968Chrysler New Yorker
November1977Chrysler New Yorker Brougham
Oktober1957Plymouth Belvedere Sport Coupe
September1997Dodge Viper GTS
August1959DeSoto Firesweep
Juli1970Dodge Dart GT
Juni1970Dodge Charger 500
Mai1961Chrysler 300 G
April1968Dodge D-100
Mars1955Dodge Custom Royal Lancer
Februar1957Plymouth Belvedere convertible
Januar1969Dodge Dart GT
År 2007ModellBil
Desember2005Dodge Ram SRT-10
November1958Imperial Crown
Oktober1971Imperial Le Baron
September1988Chrysler Le Baron convertible
Juli1965Imperial Crown
Juni1968Chrysler 300 convertible
Mai1974Dodge Challenger
April1970Plymouth Barracuda
Mars1955Chrysler New Yorker St. Regis
Februar1966Dodge Charger
Januar1971Dodge Challenger R/T
År 2006ModellBil
Desember1957DeSoto Firedome Sportsman
November1957Chrysler 300 C
Oktober1989Dodge Ram D-150 LE
September1974Imperial LeBaron
August1968Dodge Monaco
Juli1968Plymouth Barracuda
Juni1967Dodge Coronet R/T convertible
Mai1976Plymouth Valiant Custom
April1967Chrysler 300 Convertible
Mars1970 1/2Dodge Challenger T/A
Februar1969 1/2Dodge Super Bee Six Pack
Januar1957Chrysler New Yorker
År 2005ModellBil
Desember1958DeSoto Firedome Convertible
November1968Dodge Dart GT
Oktober1971Dodge Demon
September1957Plymouth Belvedere Special Club Coupe
August1971Dodge Charger R/T
Juli1934Strømmen Dodge
Juni1969Dodge Dart GT
Mai1975Chrysler New Yorker Brougham
April1970Plymouth GTX
Mars1961Chrysler Newport Convertible Coupe
Februar1962Imperial LeBaron
Januar1970Dodge Charger R/T
<- 1962 A-Body B-Body C/D-Body E-Body F/J/M/R-Body Øvrige